Bonden Og Kråka

Å mannen han gjekk seg i vedaskog
- hajfara ...–
der såg han ei kråke i lunden som gol
- hajfara, fal tyryl tyral tyra –
 
Og mannen han tenkte med sjølve seg
å, tro om den kråka vil drepa meg? 
  
Så spende han fore dei folane tolv
så kjøyrde han kråka på låvegolv 
 
Av tarmane gjorde han tolv par reip
og klørne han brukte til møkkagreip
 
Av augo så gjorde han stoveglas
og nakken han sette på kyrkja til stas 
 
Å mannen han gjekk seg i vedaskog
der såg han ei kråke i lunden som gol 
 
Og mannen han tenkte med sjølve seg
å, tro om den kråka vil drepa meg? 
  
Og den som ’kje kråka kann nytta så
han er ikkje verd ei kråke å få !